MARIE


Marie er låtskrivar og artist frå Sunnmøre, busatt i Oslo. Ein oppvekst med fjellet rett bak huset og skogen som næraste nabo set sit preg på musikken hennar i form av naturlege metaforar, dynamiske og melodiøse stofer og ein klar vokal på dialekt. Med eit eminent band på laget har Marie sine låter fått blomstre blitt til eit variert uttrykk med inspirasjon frå norske viser, populærmusikk, jazz og soul. 


Marie vart nærmast født inn i et familiekor på Sunnmøre. Dermed vart både små og store konsertar i ulike bygder og byar ein del av oppveksten hennar. Ho vart raskt oppteken og fasinert av klangen som oppstod, særleg i dei ulike kyrkjene dei sang i. Det var nok her ho først fekk utforske og forme hennar klare vokal. Etter tre år på musikklinja på Fagerlia i Ålesund flytta Marie til Oslo for å studere musikk. I løpet av studietida møtte ho musikarar ho jobbar med idag. Det var også i denne perioda ho byrja å skrive sine første låter på norsk. Ein av dei første Marie viste musikken sin til var bassist og låtskrivar Andreas Rukan (Fieh, Vegard & Ivar band). Etterkvart byrja dei å skrive låtar saman, noko som har resultert til fleire låtar på Marie sitt repertoar. Saman med Fredrik Svabø (iris, Behind the Canvas) har denne trioen produsert debutalbumet "Natta ser det som ingen ser" som vart spelt inn hausten 2019.


I Marie sin musikk møtar du forteljingar der det sårbare og det sterke går hand i hand. Ho tek med seg dei landlege naturmetaforane inn i storbyen, og let lyttaren få kome nært på. Med ein oppvekst der hits for kids var like naturleg som salmesang, jazzstandarar vart sunge på lik linje med arier, og med eit samansett band som har sett sitt preg på musikken med referansar frå jazz, populærmusikk, gospel, soul og singer/songwriter-sjangeren er det naturleg at musikken utspelar seg som variert, men med ei tydeleg kjerne. 

Copyright @ All Rights Reserved